Årets tema er «den andre». Dette konseptet er henta frå filosofien, og er nytta til å skildra tendensen i kulturen vår til å dela inn i to – dikotomien. Ofte ligg det ei verdivurdering i slike: Det er ein dominant part som kan definera innhaldet til ein underdanig part. Slik kan ein få dikotomiar som mann/kvinne, sivilisasjon/barbari, tru/overtru osv. Desse syner seg ofte å vere overforenklingar som stiller seg opne for kritikk.
I dette nummeret skriv Sam Girling om bruken av bondeinstrument ved adelshoff på 1700-talet, og korleis desse har endra meining over tid. Martin Wåhlberg har teke for seg om korleis ein har oppfatta bruken av fargar på antikk marmor i kulturhistoria, og korleis ein kan sjå diskusjonar om musikalsk ornamentikk i ljos av desse. Allan Badley har sett på korleis popularitet i samtida forma biletet av komponisten Ignaz Pleyel, og korleis dette på ny farga biletet av han for ettertida.
I tillegg til temaartiklane presenterer Halvor K. Hosar for fyrste gongen generalbasslæreteksta til Johan Daniel Berlin, som er den eldste av slaget sitt i Noreg, og instrumentkonservator Vera de Bruyn-Ouboter er intervjua om restaureringa av instrument etter brannen ved Ringve musikkmuseum i 2015. I tillegg har Emil Bernhardt, Sjur Haga Bringeland og Morten Fuglestad skrive musikkomtaler.