Numer #137
Hovudartikkelen er eit eksklusivt intervju med Inger Johanne Grytting som er gjort av kurator Lene Fjørtoft. Det er laga i samband med den retrospektive utstillinga som Tegnerforbundet viser frå 10. april. Grytting fortel om korleis det var å kome til New York og om møtet hennar med Jan Groth som vart eit vendepunkt i kunstnarskapet hennar. Intervjuet er skrive på engelsk då Grytting har budd i New York sidan 1972.
Numer-skribent og kunstnar Ingun Bøhn hadde eit studieår i Warszawa på 70-tallet der ho fekk oppleve den polske plakatkulturen på nært hald. Ho fortel om sentrale kunstnarar og viser oss eit utval av dei særeigne plakatane. Inger Marie Kjølstadmyr har besøkt Trond Bredesen for å sjå på frimerka hans. Dette er ikkje eit gamaldags sjekketriks frå Bredesen si side, for den «nesten» pensjonerte illustratøren har utmerka seg som frimerkekunstnar dei siste 5 åra. I intervjuet får me innsyn i prosessen bak frimerka. Me rundar av denne utgåva med to meldingar. Åsa Osmundsen Opedal har sett på bildeboka Nattlubben av Mona Vetrhus og den tyske illustratøren Sebastian Meschenmoser. Tora Sanden Døskeland har besøkt Kabuso og utstillinga «Heimsyn» av Brynhild Grødeland Winther.