Dette er det store KI-nummeret! Walter Wehus har intervjua teikneserieskaparen og kunstnaren Flu Hartberg om kampen mot KI-genererte bileter. Hartberg har også illustrert omslaget med ei eksklusiv teikning. NUMER-redaktør Fredrik Rysjedal gir deg ein statusrapport på kva som føregår akkurat no i det politiske landskapet rundt KI-generert innhald og Inger Marie Kjølstadmyr har laga ein enquete om KI med illustratørane Eivind Gulliksen, Eline Myklebust Madsen og Hilde Hodnefjeld.
Vi skal sjølvsagt lette blikket opp frå dystopien. Egon Låstad, Øyvind Holen, Kjetil Røed og Fredrik Rysjedal oppsummerer nyhetene frå den siste tida i fagfelta frå illustrasjon, bildekunst, teikneserier til bildebøker.
Anne Schäffer tar oss med til Stockholm og utstillinga Ännu en morgon – Teckning i Moderna Museets samling. Schäffer skriv at utstillinga er «… en raus invitasjon til refleksjon over hva tegnekunst er.» Frøydis Haavardsholm fekk Kongens fortenestemedalje i gull og nokon kjenner kanskje til glassmaleria hennar i Trefoldighetskirken i Oslo og Korskirken i Bergen. Lene Fjørtoft har skrive om bokkunstnaren og illustratøren Haavardsholm og viser fram utsøkte teikningar frå Nasjonalmuseets samling.
Heidi Sævareid har møtt Nora Brech som dei siste ti åra har etablert seg som ein av dei mest fargerike og eventyrlege bildebokskaparane me har, og Stig Andersen har skrive bokmelding om teikneserien Amazonas – fortellinger fra elvebredden av Leo Ribeiro. Til slutt må eg nemne at i leiaren min har eg ei viktig meldig til alle redaktørar der ute. Så, god lesning alle saman!
Fredrik Rysjedal
Redaktør i Numer
























