Numer #140 er ei fullstappa utgåve! Me opnar som vanleg med dei siste nyhende innan bildekunst, illustrasjon, bildebøker og teikneseriar. Så følger eit intervju med Tegnerforbundets daglege leiar Hilde Lunde om Tegneløftet som er den store satsinga for å auke kompetansen og teikneferdighetene til barn, unge og vaksne i heile landet. Saman med Kunst og Design i Skolen, Kunst i Skolen og Sparebankstiftelsen DNB vart Tegneløftet lansert på Sentralen 6. mai. Bjørn Tore Pedersen gav i 2016 ut boka Det var der vi ble til – Arbeidermagasinet som folkeopplyser og samfunnsdanner, og til denne utgåva av Numer har han skrive om Arbeidermagasinets etablering og dei unike teiknarane som bladet dyrka fram. Åsa Osmundsen Opedal har intervjua Andreas Soma som i vår var aktuell med kunstnerboka Bluten som presenterer store stensiltrykk av handteikna blomar i blyant. Anne Schäffer har laga eit omfattande intervju med Hilde Kramer, tidlegare professor i illustrasjon på Fakultetet for kunst, musikk og design på Universitetet i Bergen og i dag professor i same fagfelt på Norsk barnebokinstitutt(NBI). Kramer deler tankar om teikneundervisning og arbeidet med studentane på NBI. Med Tegneløftet friskt i minne serverer Ingun Bøhn oss ein tankevekkande artikkel om handskrifta politikarane våre vendte ryggen til i 2020. Teksten har i alle fall fått redaktøren til å revidere og friske opp si eiga løkkeskrift. Numer runder av med tre bokmeldinger, Olav og bokstavene, Krüger & Krogh åpner arkivet og Frank Zappa Cartoon. Neste utgåve kjem i midten av september.
Navigasjon

























