Kurt Johannessen

Om om

300 kr

Om om inneheld to tekstar. Ein tekst av Kurt Johannessen. Han fortel om sine erfaringar i arbeidet med Om noko-bøkene. Den andre teksten er av Gunnar Danbolt. Han har skrive ein tekst med utgangspunkt i performanceforedraget Om sjokoladekake. Boka er rikt illustrert med teikningar frå bokserien, og foto frå performanceforedrag.

4 på lager (kan restbestilles)

Om utgiveren:

Kurt Johannessen (f. 1960) gav ut sin fyrste artist’s book i 1984. I 1999 oppretta han sitt eige forlag, Zeth Forlag, som alle bøkene kjem ut på. Mange av hans bøker er tekstrelaterte, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ei setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. I 2013 starta han bokserien Om-noko. Det vart 19 bøker i serien og mange av dei var grunnlag for ulike performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Johannessen har utgitt over 100 bøker.

zeth.no


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny