Om sjokoladekake er bok nr. 16 i serien Om noko. Den er ei vidareføring av Om tida si oppgåve, som såg på endringar og konsekvensar frå tida sin inngang og litt inn i framtidige notider. Den same forteljinga finn ein i Om sjokoladekake, men her med sjokoladekaka som sentrum. Tida før sjokoladekake, Sjokoladekaka sitt nullpunkt og tida med sjokoladekake blir presentert. Sjokoladekaka sin inngang i tida er eit resultat av ei spesifikk kompleks klumping. Kvifor er det her, og kva planer har den for notida og framtidige notider. Dette og mykje annan sjokoladekakeeksistensialisme finn ein i Om sjokoladekake
Navigasjon