Årets første nummer av Prosa ser tilbake på sakprosaåret 2022. Her finn du essay om dei beste utgjevingane for vaksne og barn, ei lesing av forfattarskapen til Bjørn Olav Jahr og eit bokessay om korleis framveksten av ytre høgre-krefter utgjer ein fare for demokratiet. Vi ser også nærare på utviklinga med oppkjøp og samanslåingar i forlagsbransjen. I serien «Kampen for det frie ordet» skriv den iranske fribyforfattaren Asieh Amini om ein politisk motivert mordkampanje på diktarar og kulturpersonar som fann stad for nær tjuefem år sidan. Nummeret inneheld også intervju med debutant Andreas Outzen, bokmeldingar og debattinnlegg
Navigasjon