Prosa 02/2021

110 kr

Tema for dette nummeret av Prosa er «grenseverdi», noko som viser til dei verdiladde vurderingane som ligg til grunn når grenser blir sette eller flytta, og til kva som kan oppstå når grenser blir kryssa. I leiarartikkelen får Dagbladets omlegging av det redaksjonelle arbeidet med bokmeldingar kritikk for å leggje ytterlegare press på frilanskritikarane og dermed svekkje vilkåra for grundig, nyansert litteraturkritikk.

Asbjørn Eidhammer skriv om satsinga Kopinor og NFFO gjennom fleire tiår har gjort for å styrkje forlagsarbeidet og rettane til forfattarane i afrikanske land som Kenya, Nigeria, Malwi, Tanzania, Uganda, Zambia og Zimbabwe.

I to essay blir møtet mellom historiefag og dramaturgi i serien «Atlantic Crossing» problematisert: Tom Kristiansen og Tore Rem meiner at dramaturgien kviler på tre fundamentalt galne påstandar om krigshistoria. Asgeir Ueland meiner derimot at historikarane ikkje bør fokusere på faktafeil, men heller sjå på kva historiefortellinga i serien kan fortelje om vår eiga tid.

I kritikkseksjonen får Åsmund Forfangs bok Trykkefridomens første tiår. § 100 i Grunnlova 1814–1842 svært rosande omtale av Sverre Blandhol for gjennomgangen av 17 rettssaker om trykkefridom i perioden 1814–1842. På bakgrunn av kildearbeidet påviser Forfang «sløyfer av følgefeil og misforståelser» som spesielt breidde om seg etter Ytringsfrihetskommisjonens utgreiing i NOU 1999:27. «Det er skrevet mye om ytringsfriheten i Norge uten at kildene er undersøkt», skriv Blandhol.

Sindre Hovdenakk har vurdert to bøker om Arbeiderpartiets historie: Finn Olstads En historie om Arbeiderpartiet. Fra arbeiderpopulister til verdensborgere og Hallvard Notakers Arbeiderpartiet og 22. juli. Ingvild Folkvords Stemmene etter 22. juli analyserer retorikk i og fremføring av offentlege utsegner etter terrorangrepet 22. juli. Meldar Kjetil Røed meiner det er gjort presist og originalt. Johanne Elster Hanson har meldt Maria Schwaller Rosvolls Zolo Caroli. En europeisk historie.

Jon Rognlien skriv om vinnar av Augustprisen 2020: Elin Anna Labbas Herrene sendte oss hit – om tvangsflyttingen av samene (omsett av Trude Marstein), medan Frida Skatvik har vurdert James Godbolt: Nesten norsk. Det flerkulturelle Drammen 1970–2020.

Sissel Lie spør om fagfolk kan lære å skrive godt av bøkene Å skrive akademisk. En veiviser for forskere av Solveig Østrem og Kunsten å formidle forskning. En skriveguide for fagfolk av Aage Rognsaa. I spalta Tidsskriftsturné held Aasne Jordheim fram med å vurdere smale og mindre kjende tidsskrift, denne gongen Oppstrøms, eit tidsskrift om flugefiske.

I intervjuspalta Nøtta og kjelda er forfattar Bjørnar Sæther intervjua om arbeidet med boka Kunnskapsbasert utviklingsarbeid i grenseland. Partnerskap for Indre Skandinavia og EUs Interreg-programmer 1996–2020. I spalta Sakprosa i verda skriv Øyvind Strømmen denne gongen om samvitskrisa som har oppstått i Frankrike etter publisering av memoarar der #MeToo-rørsla rammar den seksuelt frigjorde 68-generasjonen. Nina Karin Monsen har levert eit debattinnlegg om dei manglande namna under biletet som vart trykt saman med Kjetil Røeds melding av Vi spiste, sov og drakk feminisme i Prosa #1 2021.

Framsideillustrasjonen til dette nummeret er teikna av Andrea Ferkingstad.

3 på lager

Om utgiveren:


Prosa er et uavhengig, allmennkulturelt tidsskrift om norsk og oversatt sakprosa. Prosa ble opprettet i 1995 og kommer ut med 4 nummer fra og med 2024. Utgiver er Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

prosa.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny