Prosa 02/2022

115 kr

Vårutgåva av Prosa rettar blikket mot ein sakprosakategori som er like gammal som han er aktuell, nemleg biografien. Marianne Egeland skriv om det tidsavhengige ved å lese sjølvbiografiar skrivne av overlevande frå konsentrasjonsleirane, og korleis desse forteljingane etter kvart utvikla seg til ein spesiell sjanger med eigne normer.
I leiaren skriv redaktør Merete Røsvik om (sjølv)biografisjangerens vedvarande og samtidig omskiftelege aktualitet. Ho peikar også på korleis sjølvbiografiar har dominert mellom vinnarane av Kritikarprisen for beste sakprosa dei siste åra, og oppmodar juryen om å ha blikk for breidda i sakprosafeltet i framtidige utdelingar.
Nicolay B. Johansen spør kvar det vart av bøkene om narkomane lagnader, og ser på utlevering, sjølvutlevering og dramaturgi i desse «narkobiografiane».
Kaja Schjerven Mollerin har teke for seg tre bøker frå Mímir Kristjánssons forfattarskap, og skriv at han er mellom dei forfattarane som viser kor frigjerande det kan vere å omfamne ikkje-nøytraliteten.
Kenneth Moe skriv i eit personleg essay om den kontinuerlege nær-nøden-opplevinga det er å leve av skriving, og korleis skrivinga og nøden påverkar kvarandre. Stian M. Landgaard spør kor langt ein omsetjar kan gå i å gjere fortidas tekstar forståelege for dagens lesarar. Debattinnlegg av Simen Sætre og Merete Røsvik om kritikken av Hugo Jenssen: «En samisk verdenshistorie».

3 på lager

Om utgiveren:


Prosa er et uavhengig, allmennkulturelt tidsskrift om norsk og oversatt sakprosa. Prosa ble opprettet i 1995 og kommer ut med 4 nummer fra og med 2024. Utgiver er Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

prosa.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny