Prosas andre nummer i 2023 rettar merksemda mot den sentrale, demokratiske funksjonen REVISJON. Den etymologiske tydinga er å sjå på noko igjen, og omgrepet blir brukt om alt frå kontroll av rekneskap og statlege verksemder til oppdatering av tekst og nye måtar å forstå historia på. «Det er bare sjarlataner og idioter som vet og kan alt», skriv Simen Sætre i essayet om eit skrivearbeid som havarerte. Formuleringa, som stammar frå Anton Tsjekhov, kan vere god å ta med seg vidare i lesinga. Verda endrar seg raskt, og revisjonsprosessar er fortløpande oppfølging og reforhandling av kva standardar som skal gjelde.
Navigasjon