Prosa er et uavhengig, allmennkulturelt tidsskrift om norsk og oversatt sakprosa. Det ble opprettet i 1995 og kommer ut med seks nummer i året. Utgiver er Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Prosa blir redigert i tråd med Redaktørplakaten og er medlem av Norsk Tidsskriftforening.

prosa.no

Prosa 03/2022

115 kr

Tema for årets sommarnummer av Prosa er PR. Forkortinga står for det engelske public relations – offentlege relasjonar. Omgrepet gjer det tydeleg at reklame og salsarbeid handlar om meir enn gode tilbod, det handlar også om omdøme og tillit. Har det blitt forfatterens oppgave å skaffe seg oppmerksomhet for å selge bøker? spør Frida Skatvik. Ho har snakka med forfattarar og forleggjarar om kva som skal til for å nå ut med informasjon om ei ny bok i dagens medielandskap. Kenneth Moe tar ei meir personleg tilnærming når han problematiserer kravet om å bygge seg sjølv som merkevare. «Når man ikke lenger greier å skille sak fra selv, er det til slutt bare de sakene som er knyttet til et underholdende selv, som får oppmerksomhet i offentligheten», skriv han. Også Anne Bitsch tar utgangspunkt i eigne erfaringar. Som første skribent i den nye artikkelserien «Mellom menneske og manus» fortel ho om sjokk, sorg og sinne som motor i kreativ skriving. Kristin Skare Orgeret skriv om propaganda som våpen i krigen mellom Russland og Ukraina. Morten Harper har nærma seg same konflikt ved å undersøke kva vi kan lære om dagens situasjon ved å lese bøker utgitt etter Russlands invasjon av Krim i 2014. Overraskande mykje, er konklusjonen. Johan L. Tønneson og Kjell Lars Berge har skrive eit ope brev til minister for forsking og høgare utdanning Ola Borten Moe. Dei ønskjer ei styrking av det dei vel å kalle kunnskapslitteratur: faglitteratur skrive av forskarar retta mot eit breitt publikum. I leiaren stiller redaktør Merete Røsvik seg bak oppfordringa. Ho kommenterer også ministerens kasting av Forskingsrådet i mai og sponsa boksider i Dagbladet.

13 på lager

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny