Temaet for haustens første Prosa er Vegen vidare. Korleis reiser vi oss og går vidare etter personlege og kollektive kriser? Aktuell sakprosa både skildrar og praktiserer krisebearbeiding. Anne Bitsch har sett på årets bøker om tida etter 22. juli-terroren og meiner at dei ikkje er klare på kva ideologi det skal takast eit oppgjer med. Espen Grønlie har lese norsk og internasjonal sakprosa om koronapandemien og opplever forfattarane som meir opptekne av å spå om framtida enn av å forklare kva som faktisk har skjedd. I tillegg inneheld nummeret intervju med Marte Spurkland og meldingar av er rekkje bøker med forskjellige tilnærmingar til tematikken.
Navigasjon