Prosa nr.4/22 har tema «Nye format» og tek opp problemstillingar kring formidling av sakprosa i lydbok, dokumentarfilm og podkast. Kaja Schjerven Mollerin har intervjua forfattar og regissør Nina Grünfeld. Linn-Birgit Kampen Kristensen skriv om forsking på lesevanane våre, og peikar på at tilgang på lydbøker blir stadig viktigare. Kjerstin Gjengedal skriv om forfattarar som sjølv ordnar innspeling av lydbok. Gro Jørstad Nilsen har lytta til fjorårets Bragepris-vinnar i sakprosaklassen og meiner at essayforma i Lena Lingrens Ekko ikkje fungerer godt som lytteoppleving. Elin Lindberg er inne på liknande problemstillingar i omtalen av læreverk i form av digital ressurs og lydfil. I spalta Sakprosa i verda skriv Øyvind Strømmen om podkastar som blir skulda for plagiat av sakprosa. Nummeret inneheld også ein artikkel om nettsatsinga Termportalen, bokessay av Simen Sætre og Zahir Athari i tillegg til kritikk av aktuell sakprosa, Bokvennen Litterær
Avis og BLA-podden.
Navigasjon