Prosa 05/2022

115 kr

Prosa 5/2022 har tema Kampsak og tek for seg sakprosa som går inn i si tid – om det no er vår eiga tid eller historisk tid.
I høve Skeivt kulturår har vi fått Jan Olav Gatland til å skrive om sakprosaen han meiner har vore spesielt viktig i kampen for like rettar uansett seksuell legning. I tillegg har vi fått Aasne Jordheim til å vurdere Blikk, «Nordens eldste skeive magasin».
Norsk PEN feirar 100-årsjubileum i desse tider, og i det høvet har Prosa starta ein artikkelserie der nokre av skribentane som har kome til Noreg gjennom Fribyordninga, fortel historia si. Først ut er Ahmedur Rashid «Tutul» Chowdhury, redaktør av nettidsskriftet Shuddhashar.
I eit nydeleg essay i serien Mellom menneske og manus fortel Shazia Majid om kjensler, etiske vurderingar og metode i arbeidet med boka Ut av skyggene: den lange veien til likestilling for innvandrerkvinner – der ho brukte si eiga mor som houvdkjelde.
Store norske leksikon (SNL) er eit flittig brukt oppslagsverk, ikkje minst i skulen. Vi bad difor Erle Marie Sørheim om å sjå nærare på leksikonets politiske og språkpolitiske rolle med utgangspunkt i debatten som oppstod rundt fagartiklane om kjønn og seksualitet i fjor haust.
Frank Rossavik er intervjua av Kaja Schjerven Mollerin i høve utgjevinga av De korrekte. Identitetspolitikk, kansellering og presset mot det liberale samfunn.
I tillegg byr nummeret på bokmeldingar av aktuelle utgjevingar, til dømes Ytringsfrihetskommisjonens NOU 2022: 9 En åpen og opplyst offentlig samtale.
Design og illustrasjonar av Johanne Hjorthol.

11 på lager

Om utgiveren:


Prosa er et uavhengig, allmennkulturelt tidsskrift om norsk og oversatt sakprosa. Prosa ble opprettet i 1995 og kommer ut med 4 nummer fra og med 2024. Utgiver er Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

prosa.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny