Prosa 06/2022

115 kr

Tema for årets siste utgåva av Prosa er habilitet, noko som er høgaktuelt når debatten raser om korleis merksemda blir porsjonert ut på boksidene. I leiaren peikar redaktør Merete Røsvik på at habilitetsomgrepet belyser kva det er å redigere, og at det finst distinksjonar i synet på habilitet som det er viktig å vere merksam på for å forstå dynamikken i litteraturkritikken. Nummeret inneheld eit essay av Hilde Østby om erfaringar frå å vere både forfattar og kritikar.
Finst eigentleg den uavhengige vurderinga, spør Jonas Hansen Meyer. Han har intervjua sentralt plasserte kritikarar og funne at skilja i synet på habilitet kan gå tvers gjennom avisredaksjonane. Kritikar Aasne Jordheim har gått tilbake til skulebenken og skriv om kva ho meiner manglar i undervisninga ved OsloMets nye masterprogram i sakprosa (master i medieutvikling). Kjerstin Gjengedal har sett nærare på skuggeforfattararverksemd, altså profesjonelle skribentar som samarbeider med folk (ofte kjendisar) som har ei historie og kanskje eit publikum, men ikkje den naudsynte skrivekompetansen.
I artikkelserien «Kampen for det frie ordet» skriv fribyforfattar Gunel Imanova om hendingane som gjorde at ho og ektemannen måtte flykte, først frå Aserbajdsjan til Georgia, og så vidare til Noreg.

18 på lager

Om utgiveren:


Prosa er et uavhengig, allmennkulturelt tidsskrift om norsk og oversatt sakprosa. Prosa ble opprettet i 1995 og kommer ut med 4 nummer fra og med 2024. Utgiver er Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

prosa.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny