Dissidentar undersøkjer kva det vil seie å vere dissident i vår tid, gjennom essay, intervju og reportasjar om politisk dissens, pressefridom, overvaking, filosofi, kunst og alternative fellesskap. Nummeret tek utgangspunkt i dissidenten som ein figur som ikkje trekkjer seg unna, men blir ståande i konflikt med etablerte sanningar og maktstrukturar. Utgivinga inneheld mellom anna tekstar om Julian Assange/Wikileaks, Jan Patočka, fransk intellektuelt liv, kollektivet Le Dorothy i Paris, og intervju med Emmanuel Falque, Christophe Prochasson og kunstnarkollektivet Alt Går Bra.
Navigasjon
























