Sjå Magasin #1 MAT

100 kr

Redaktør: Vera Lunde

I vår fyrste utgåve utforskar me det evige tema mat ved bruk av fotografi, kunst og tekst. Det spiselege avslører mykje kring tida me lev i – det tillèt at fantasiar kan utspele seg, det gjev oss næring i det kvardagslege og er eit rom for både fortrulegheit og iscenesetting. Vår redaksjon, i lag med inviterte fotografar, kunstnarar og skriben- tar, opnar for ulike vinklingar til dette temaet:
Kjøkenet som rom for tilflukt og personleg erfaring høyrer vi om i samtalen mellom Mari Bergan og hennar syster. Amalie Trones gjev oss eit byportrett av København, der ho som tilreisande skildrar hennar ulike inntrykk av distinkte marknadar, restaurantar og utflukter. Etter å ha sett Marie Vallestad sine sanselege og imponerande installasjonar stilt ut i Bergen, inviterte vi henne til ein samtale om eiga kunstverksemd med Pål Bringe. Gjennomfør ditt eige ritual eller berre forsøk lage ei av dei forhistoriske oppskriftene frå Ann Edvartsen si innføring om Imbolc. Ein krets av tid, nostalgi og kontroll ser ein i mitt eige evigheitsprosjekt, utforma i samband med Sofie Svanes. Kjenn på kjøkengløden med spelelista på side 38. I fotoserien til Karoline Hannisdal vitjar ein lange sommardagar, frå ei reise kvar ein får kjensla av at hastverket har opphøyrt. Keramiker Anna Melbye står bak alle delar av prosessen i fotoserien der ho leikar med grenser i gastronomisk høg- og lågkultur. Maria Helena Konttinen Nerhus gjev innblikk i korleis kuratorverk- semda og matlaginga til Tatiana Lozano spelar på lag med kvarandre. Me har også vore så heldige at vi har fått med oss utdrag frå tre forfattarar me beundrar. Les tekstar frå Eivind Aalen Øi, Sidsel Welden og Hiromi Ito, der ein finn relasjonar, kroppsvæsker og overskriding blant ingrediensane.
Andre seksjon av magasinet er ei vidareføring av fanzinen Månebedotten. Dette er eit album med bilete frå ei rekkje unge fotografar frå Skandinavia. Serien syner blant anna sambandet mellom mat og begjær, fruktbarheit, protest, overflod, nyting, miljø, håp og fortviling.

4 på lager

Om utgiveren:


Sjå magasin er eit foto- og kunstmagasin som vert gjeve ut to gongar i året av Mørkerommet fotokollektiv. Mørkerommet fotokollektiv er ein studentorganisasjon i Bergen som praktiserer analog fotografering og framkalling i mørkerom, i tillegg til å halde utstillingar, publisere bilete i ulike tidsskrift og ta bilete på arrangementer.

Magasinet Sjå har hovudforankring i analog foto, og utforskar eit gitt tema ved hjelp av fotografi, tekst, kunst og lyd.

Sjå magasin

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny