Sjå Magasin #2 ROM

100 kr

Redaktør: Amalie Trones

Denne utgåva av Sjå magasin tematiserer tema ROM gjennom analog fotografi, kunst, poesi og tekst. I Maria Helena Nerhus sitt møte med Lea Sangolt, får vi eit innblikk i ein barndomsheim og korleis gamle møblar kan nyttast om att. Performancen “My body is my business” av Natalie Seifert Eliassen tematiserer hotellrom og kropp som arbeidsplass, og det å gøyme seg bak dei mange maskene kunstnaren har laga. Dikt frå Eivor Slågedal og Mads Skram Lerø tek oss med inn i vakre og vonde rom, og Suzanne Maéla Nyquist Liengaard sin musikkvideo inn i bybiletet sine mellombelse forlatte og forfalne bygningar. Utval frå draumedagboka til Erick Trondsson Kjellevold er ei djupt personleg skildring av ei useieleg sorg etter eit brått tomrom. Det analoge fotoalbumet Månebedotten syner oss intimitet, forfall, lys, relasjonar og det føregåande gjennom verk av 28 ulike fotografar. I tillegg er eit knippe utval analoge bilete teke av fotografar frå Mørkerommet fotokollektiv på arrangementa til Prøverommet vist fram i ein eigen seksjon.

7 på lager

Om utgiveren:


Sjå magasin er eit foto- og kunstmagasin som vert gjeve ut to gongar i året av Mørkerommet fotokollektiv. Mørkerommet fotokollektiv er ein studentorganisasjon i Bergen som praktiserer analog fotografering og framkalling i mørkerom, i tillegg til å halde utstillingar, publisere bilete i ulike tidsskrift og ta bilete på arrangementer.

Magasinet Sjå har hovudforankring i analog foto, og utforskar eit gitt tema ved hjelp av fotografi, tekst, kunst og lyd.

Sjå magasin

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny