Sjå Magasin #5 SUBSTANS

150 kr

Redaktør: Ingrid Bårdsdotter Eikevik

Etter to lange år, der substans har vore noko vi frykta, kan vi endeleg omfamne substansar att i lag. Kyss, handtrykk, hud mot hud, pust som doggar, og det å dele eit glas saman, fryktlaust.

I vår femte utgåve av Sjå utforskar vi den komplekse dimensjonen til omgrepet Substans. Vi inviterer dykk inn i vår oppleving av denne dimensjonen, og dei mange ulike tydingane av substans. Gjennom dei ulike analoge fotografiane, tekstane og kunstverk som vert med i denne utgåva, vil de få kjenne på substansen sine mange formar og djupner. Trykk på grovare papir vil la fingertuppane sakte bevege seg frå side til side, få kjenne på tekstur og gi ei fysisk kjensle av innhaldet.

I denne utgåva tar Leandra Valencia dykk med inn i eit isande djupn med ein bildeserie og eit snødryss av eit dikt frå ein tur til Island. Ei kunstutstilling, laga i samarbeid mellom Eirik Falckner og Johannes Gudlov Irgens, der Irgens sine bier får invadere keramikken til Falckner, har resultert i ei organisk form som er både særskild og naturskapt. Synne Syslak leiar dykk trygt gjennom ein samtale om bioestetikk. Så vil ein våtare substans dukke opp. Amalie Sponberg har, med sin fascinasjon for kaffi og appelsinjuice, smelta saman dei to substansane til ein flytande draum ein kan sippe seg gjennom! Ansikta til menneske er mange – tekstur, formar og utrykk vil variere. Vilde Isabel Greger forstørrar substansane gjennom ein portrettserie av dei ulike ansikta til ei kvinne. Og kva tyder dei eigentleg? Siri Straumfors gjev blomar ein ny substans ved å trekke visuelle parallellar som spelar på assosiasjonar mellom hud og blad frå blomar, silkemjukt, skjørt og tynt, gjennom fotografiar tar ho dykk med gjennom ei serie av blomar som minner om hud. Vidare går vi inn i ein hage, naboen sin hage. Tara Catherall har dokumentert eit innsyn i eit skur hos naboen med mykje substans, alt frå plastrør til bilseter av både lær og polyester, og dører som ingen veit kor går til. Vågar de bli med ho inn?

5 på lager

Om utgiveren:


Sjå magasin er eit foto- og kunstmagasin som vert gjeve ut to gongar i året av Mørkerommet fotokollektiv. Mørkerommet fotokollektiv er ein studentorganisasjon i Bergen som praktiserer analog fotografering og framkalling i mørkerom, i tillegg til å halde utstillingar, publisere bilete i ulike tidsskrift og ta bilete på arrangementer.

Magasinet Sjå har hovudforankring i analog foto, og utforskar eit gitt tema ved hjelp av fotografi, tekst, kunst og lyd.

Sjå magasin

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny