Syn og Segn 01/2018

129 kr

TEMA: BARNEVERN, NORDMANN OG JØDE, MIKROORGANISMAR OG ABORT.

Nettet kryr av mannsgrupper med menn som kjenner seg overkøyrde av kvinna og den såkalla vaginalstaten. #metoo har gitt kvinna eit språk og tatt ifrå mannen eit anna språk. Les samtale om den nye mannen i siste utgåve mellom forfattar Bergljot Kaslegard og filosof Helge Svare.

Rettssikkerheita i barnevernssaker er som eit morkent sikkerheitsnett som sjølv ikkje den mest vågale akrobat ville nytte seg av, skriv ekspertar. Er det slik? Kari Killén, Are L. Svendsen, Tore Nyseter, Bente Ohnstad, Einar C. Salvesen, Berit S. Øygard, Stine E. Vik og Rune Hausstätter tek eit kritisk blikk på barnevernet og nye aktuelle problemstillingar i sektoren i dag.

Doktorgradsstipendiat Unni Vik skriv om mikroorganismar, Ann Kristin van Zijp Nilsen om abort og Heidi Rohde Rafto om gifte homofile menn – i skåpet, i litteraturen.

Den jødiske minoriteten i Noreg er liten og mangfaldig, merkt av Holocaust og antisemittisme. For journalist Dana Wanounou er dette ein viktig del av historia, samstundes som ho også opplever at det har vorte lettare å vera jødisk nordmann.

«Allmenningen er ingen tragedie», skriv Ebba Boye. Og fotograf Anne-Marte Før har foreviga 16 år gamle Filippa Vik, som er elev ved Den Norske Ballettskole.

1 på lager

Om utgiveren:


Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike tidsskrifta for kultur- og samfunnsdebatt i Noreg, grunnlagt av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894.

Tidsskriftet har alltid vore prega av dei norske motkulturane og dei norske folkerørslene. Vi er det einaste ålmennkulturelle tidsskriftet som blir gitt ut på nynorsk. Eigar og utgjevar er Litteraturselskapet til Det Norske Samlaget. Syn og Segn har som mål å vere eit tidsskrift som engasjerer, rører og opplyser folk i bygd og by.

synogsegn.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny