Syn og Segn 03/2017

129 kr

TEMA: MENNESKERETTAR OG KRISTUS, HYTTER OG ASEKSUALITET.

Stor samtale om funksjonshemmingar og menneskerettar med Berit Vegheim, temaartiklar om hyttekultur og hyttefolk ved ekspertane Carlo Aall, Anita Nordeide, Olav Norheim, Arne Lie Christensen og Håvard Teigen. Ida Habbestad har snakka med presten Merete Thomassen om katolisisme, protestantisme og kva dei kan lære av kvarandre.

Doktorgradsstipendiat Åsmund Mikalsen Kvifte skriv om jorda og kva som skjer når ho blir utarma. Og Randi Gressgård lærer deg meir om aseksualitet. Per Søreide Senstad er oppteken av den liberal-demokratiske samfunnsordenen, og kva som skal til for å støtte opp om den, medan Leif Høghaug presenterer James Joyce på hadelandsmål.

Marit Julien skriv klokt om språk og kva som til kvar tid blir sett på som rett og gale. Johannes A. Nymark tek deg med til sjølvstendekampen i Catalonia, og som om det ikkje er nok: Kunstnar Vanessa Baird avsluttar det heile med ei kraftig salve til statsminister Erna Solberg med vener.

Tomt på lager

Om utgiveren:


Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike tidsskrifta for kultur- og samfunnsdebatt i Noreg, grunnlagt av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894.

Tidsskriftet har alltid vore prega av dei norske motkulturane og dei norske folkerørslene. Vi er det einaste ålmennkulturelle tidsskriftet som blir gitt ut på nynorsk. Eigar og utgjevar er Litteraturselskapet til Det Norske Samlaget. Syn og Segn har som mål å vere eit tidsskrift som engasjerer, rører og opplyser folk i bygd og by.

synogsegn.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny