Syn og Segn 03/2019

129 kr

TEMA: DET NORSKE LANDBRUKET

Islands president, landbruk, massevald og ei tjueårskrise:
I den nye utgåva av Syn og Segn er det ein stor samtale med Islands president, Gudni Jóhannesson, temaartiklar om norsk landbruk, tekstar om ungdomskriminalitet, om Alta-saka 40 år etter, om norsk – eit sjeldsynt språk, og mykje, mykje meir.

BYGGESKIKK: Kasseaktige forretningslokale og planlaus bustadbygging. Den norske tettstaden er i endring. Eller avvikling? spør Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og Segn.

MASSEVALD: Auke i fysisk vald, massevald og lovbrot mot politiet. Slik samanfattar Oslo politidistrikt og Oslo kommune 2018-tala for barne- og ungdomskriminalitet i hovudstaden. Håvard Stamsø-Ellingsen i Røde Kors jobbar ansikt til ansikt med mange av ungdommane andre berre snakkar om.

SAMTALE: «Eg trur ikkje på å påføre dei som må reise, flyskam. Vi kjem til å halde fram med å fly. Eg har ikkje flyskam sjølv, og eg trur ikkje at det hjelper å ha det. Det hjelper ingen om vi får panikk.» Islands president Gudni Jóhannesson i eksklusiv samtale med Mette Karlsvik.

TEMA: Korleis skal landbruket og den norske bonden tilpasse seg klimautfordringar og matkrise elles i verda? I 2004 var det 55 000 jordbruksbedrifter i landet. I 2018 var talet 39 000. Dei minste bruka forsvinn. I bygdene er det berre nokre store att. Er vi i ferd med å få eit industrilandbruk i Noreg? Og er det slik vi vil ha det? Torbjørn Tufte, Siri Helle, Sigrid Sørumgård Botheim, Erik Halvorsen, Astrid Brekken og Magni Kristin Moe Westgård skriv om norsk landbruk i endring.

KLIMA: Kan filosofien støtte det globale storsamfunnet på liknande vis, her vi står, midt i ei makelaus klimakrise? Etter å ha lese den siste boka til filosof Arne Johan Vetlesen får eg lyst til å dra med meg statsministeren ut i skogen for ein samtale med lauvtre, ugler og rådyr, men eg er usikker på om dette vil redde kloden frå ein klimakatastrofe, skriv Monica Bjermeland.

ALTA-SAKA: Kampen mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget.

1 på lager (kan restbestilles)

Om utgiveren:


Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike tidsskrifta for kultur- og samfunnsdebatt i Noreg, grunnlagt av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894.

Tidsskriftet har alltid vore prega av dei norske motkulturane og dei norske folkerørslene. Vi er det einaste ålmennkulturelle tidsskriftet som blir gitt ut på nynorsk. Eigar og utgjevar er Litteraturselskapet til Det Norske Samlaget. Syn og Segn har som mål å vere eit tidsskrift som engasjerer, rører og opplyser folk i bygd og by.

synogsegn.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny