Syn og Segn 2025/01

149 kr

I dette nummeret skriv Jonas Bals om fascistisk propaganda før og no, frå Henry Ford sin The Dearborn Independent til nye nettsamfunn, fotografen Aude Osnowycz har møtt georgisk ungdom som står i opposisjon til russisk påverknad, Vidar Ystad har skrive om den femti år lange kampen reindriftssamane på Fosen har stått i mot den norske staten, og Vemund N. Knudsen har intervjua Gunnhild Øyehaug som fyller femti.

Håvard Klyve Parr har dykka etter fotomateriale om snuoperasjonen av Alexander L. Kielland-plattforma i 1980, Trygve Martinussen har prøvd å finne ut kva han skal gjere med den rikhaldige bokhylla etter bror sin, og Ingvild Kleiveland Vevle skriv om å spele dotter si inn i folkemusikktradisjonen. Kjerstin Gjengedal prøver å finne ut om det digitale skiftet er berekraftig.

13 på lager

Om utgiveren:


Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike tidsskrifta for kultur- og samfunnsdebatt i Noreg, grunnlagt av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894.

Tidsskriftet har alltid vore prega av dei norske motkulturane og dei norske folkerørslene. Vi er det einaste ålmennkulturelle tidsskriftet som blir gitt ut på nynorsk. Eigar og utgjevar er Litteraturselskapet til Det Norske Samlaget. Syn og Segn har som mål å vere eit tidsskrift som engasjerer, rører og opplyser folk i bygd og by.

synogsegn.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny