Syn og Segn 2025/03

149 kr

Fotografen Aude Osnowycz har vore i Vilnius og møtte kvinner som har flykta frå Russland og Belarus. I denne utgåva kan du òg lese om førtiårskrisa som har gjort Oda Malmin hekta på vevkunst, roadtripen til Ole Våge gjennom det rurale Spania, om då Dag H. Nestegaard var på leit etter gravstaden til Freddie Mercury og James Puchowski skriv om britisk utdanningspolitikk.

Har du lurt på kvifor sunnfjordingane var så spedalske på attenhundretalet? For det har kanskje Karl Egil Johansen funne ut av, Per Halse skriv om korleis nynorsk salmebok vart til, Gunnhild Øyehaug og Marit Kaldhol har vald ut to dikt frå Symra, medan Johannes Nymark spør om engelsk kjem til å vere verdsspråket for alltid. Håvard Klyve Parr grev i dei tidlege turistane til Geiranger og Heming H. Gujord ser tilbake på kattane han har hatt.

15 på lager

Om utgiveren:


Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike tidsskrifta for kultur- og samfunnsdebatt i Noreg, grunnlagt av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894.

Tidsskriftet har alltid vore prega av dei norske motkulturane og dei norske folkerørslene. Vi er det einaste ålmennkulturelle tidsskriftet som blir gitt ut på nynorsk. Eigar og utgjevar er Litteraturselskapet til Det Norske Samlaget. Syn og Segn har som mål å vere eit tidsskrift som engasjerer, rører og opplyser folk i bygd og by.

synogsegn.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny