Syn og Segn 2025/04

149 kr

I denne utgåva av Syn og Segn har Emil Askvik Hosøy skrive om samane i Russland som er på flukt frå styresmaktene, Evgenia Bektasova om kva det tyder å få eit statsborgarskap. Sivert N. Nesbø utforskar kjensla om at han er litt finsk og Øyvind Rangøy har skrive om Estland som ligg mellom Norden og Russland. Jógvan Helge Gardar har omsett færøyske poetar til norsk.

Eivind Myklebust skriv om den svenske fråskilde reinhaldaren som tok Kultur-Sverige med storm på 1970-talet og Audun Stokke Hole har reist i det finlandssvenske landskapet. Maren Bø har jakta på Patti Smith og Christian Ringdal skriv om Donald Trump som går etter fagrørsla i USA

18 på lager

Om utgiveren:


Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike tidsskrifta for kultur- og samfunnsdebatt i Noreg, grunnlagt av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894.

Tidsskriftet har alltid vore prega av dei norske motkulturane og dei norske folkerørslene. Vi er det einaste ålmennkulturelle tidsskriftet som blir gitt ut på nynorsk. Eigar og utgjevar er Litteraturselskapet til Det Norske Samlaget. Syn og Segn har som mål å vere eit tidsskrift som engasjerer, rører og opplyser folk i bygd og by.

synogsegn.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny