Syn og Segn 2026/01

149 kr

I denne utgåva av Syn og Segn har Vemund Norekval Knudsen møtt den einaste mannlege jordmorstudenten og andre menn, Sara Martinsson har skrive om utviklinga av pappapermen, den skandinaviske nasjonalskatten, og Erlend Loe har sett filmar om menn og farskap. Andreas Eikeseth Nygjerd har fotografert menn med klede, Monica Bjermeland har skrive om myra, og Knut Ivar Bjørlykhaug har skrive dikt.

Jonas Mikal Trondsen har skrive om dramatikaren Sarah Kane, Eivind Myklebust har gravd i det gamle propagandaverket til John Steinbeck, Tom Egil Hverven skriv om mystikk i Septologien og Jørn Øyrehagen Sunde har skrive om korleis vi skal stille oss til konspirasjonsteoriar.

18 på lager

Om utgiveren:


Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike tidsskrifta for kultur- og samfunnsdebatt i Noreg, grunnlagt av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894.

Tidsskriftet har alltid vore prega av dei norske motkulturane og dei norske folkerørslene. Vi er det einaste ålmennkulturelle tidsskriftet som blir gitt ut på nynorsk. Eigar og utgjevar er Litteraturselskapet til Det Norske Samlaget. Syn og Segn har som mål å vere eit tidsskrift som engasjerer, rører og opplyser folk i bygd og by.

synogsegn.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny