Tidsskriftet Beijing Trondheim 2026/01

150 kr

Når tidsskriftet no tel ulukkestalet tretten i talet går vi inn i ei tid for krise og undergong, kor den største trugselen er mot jorda sjølv, mot heimen vår. Årets utgåve har fått temaet HEIM, og i den klanggrunnen tek vi òg med oss økologi og økonomi, termar som stammar frå det greske «oikos», ordet for heim eller hus.

I dette nummeret har vi ønska å vise fram ulike fasettar av heim, som synleggjer for oss at jorda er ein heimstad på same måte som dei fire veggane i våre respektive hus og hytter.

Ballet opnar med ein temabolk der vi undersøker ulike variasjonar over heimskap i det trønderske kunst-, kultur- og arkitektur-landskapet. Videre har vi samla saman ein tykk bunke gjendiktingar, med poesi henta frå både det franske, engelske, danske og tyske språkområdet. Saman med desse presenterer vi fleire aktuelle og nokon aldri før sette tekstar frå eit knippe trondheimsforfattarar. Og som alltid trekker vi fram nye stemmer i trønderlitteraturen, i form av fire heilt ferske debutantar.

Det er ikkje alltid så mykje håp å hente, men kanskje kan kamplysta heller verte vekka av gjenkjenninga. Kjensla av at nokon andre enn du har sett og tenkt og skjønt dette; at vi er her berre som korte bluss på jorda.

God lesnad!

7 på lager

Om utgiveren:


Beijing Trondheim er et småforlag og tidsskrift med tilhold i Trondheim. Ordet «beijing» betyr direkte oversatt fra kinesisk «nordlig hovedstad», og ble på gamle kinesiske kart brukt som betegnelse på Trondheim. Ved å ta dette navnet i bruk, ønsker Beijing Trondheim igjen å sette Trondheim på kartet som en viktig by for kunst og kultur. Navnet reflekterer i tillegg til den lokale forankringen, en vilje til å se ut over landegrensene mot den internasjonale litteraturen.

beijingtrondheim.no

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny