«Fuck an app, I need me some IRL», syng Robyn. Det er frå vår pustande, luktande, dunkande, døyande kropp vi skriv, fortel, lyttar og lever. Med kunstig intelligens kan ein rive tekstar laus frå kroppar, men uansett byrjar forteljinga om livet med kropp og slik sluttar ho òg, IRL. Kropp og forteljing er tema for denne papirutgåva.
Jaja er kulturtidsskriftet frå bygda, om forteljekunst, forteljingar og språk.
Vi tilbyr ordinært abonnement og venskapsabonnement for deg som har hjarte for Jaja. Klikk på «registrer abonnement» og vel den typen du ynskjer.
Abonnementet inkluderer ei fysisk utgåve i året. Du kan òg lese våre digitale utgåver gratis på tidsskriftetjaja.no.





