Det fleirspråklege Noreg

499 kr

Dokumentarprosjektet Det fleirspråklege Noreg viser eit samtidsbilete av språkbruken i den norske kvardagen. Gjennom 30 portrett gir boka eit innblikk i det fleirkulturelle Noreg og viser at fleirspråklegheit i dag heller er regel enn unnatak.

Skribentar over heile landet har fanga inn livshistorier og refleksjonar rundt det å leve med fleire språk. Fotografen Oddleiv Apneseths unike og vake blikk gir liv til dei varierte historiene.

Den faglitterære teksten av språkforskar Øystein A. Vangsnes set dokumentarprosjektet i eit større perspektiv.

Emner

Bidragsytere

2 på lager

Om utgiveren:

Skald forlag

Skald gir ut bøker innan sakprosa og skjønnlitteratur. Forlaget er også spesialisert på produksjon av oppdragsbøker, firmagåver, jubileumsbøker og skreddarsyr bøkene etter individuelle behov.

Målet vårt er å gi ut bøker med kvalitet i alle ledd – frå det skrivne ordet til materiale og innbinding. Bøkene våre skal vare.

Vi har sterkt fokus på design, taktilitet og materialitet, og samarbeider med Noregs fremste bokdesignarar. Mange av bøkene har blitt premierte under konkurransen Årets Vakreste Bøker som kvart år vert utdelt i regi av Grafill.

Skald AS vart skipa i 1991 av Jon Skjerdal og Lars Nes. Forlaget har hovudkontor i Gamlehotellet i Leikanger i Sogndal kommune.


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny