Røyst #13: Bruk av land og hav

129 kr

Kva for ressursar skal vi byggja framtidas næringar på? Det spørsmålet har vore utgangspunktet for arbeidet med Røyst #13. For mange vert det fort teoretisk, og ein kan lett gløyme kva realøkonomien er basert på. Det er ikkje appar eller konsulentverksemd som bygde landet vårt eller held samfunnet vårt i gong. I Røyst #13 vender vi tilbake til naturressursane og rettar fokuset mot verdiane som finst rundt omkring i heile landet vår. Vi vert stadig meir avhengig av ein oljenæring med utlaupsdato medan kunnskapen om annan verdiskapande arbeid sakte forvitrar. Venstresida har lenge vore utan tydelege løysingar for korleis vi skal få til den naudsynte arbeids- og næringsomstillinga for å byggja vårt nye land i ein berekraftig verd, og denne abdikasjonen kan og må vendas til ei ny og kraftfull mobilisering. I dette nummeret freistar vi å gi nokre konkrete svar på spørsmålet om kva vi skal leva av i framtida. I tråd med temaet «bruk av land og hav» er dette kanskje eit av dei mest handgripelege numra Røyst har laga. Overordna ideologi og teoretiske diskusjonar vert kombinert med praktisk politikk og jordnære betraktningar.

3 på lager

Om utgiveren:


Røyst er tidsskriftet som samlar ei slagkraftig venstreside om framtidas radikale politikk. Røyst er basert i Bergen og ynskjer å styrka politisk initiativ langs heile Vestlandet, med nasjonalt og internasjonalt utsyn.

Tidsskriftet Røyst kjem ut fire gongar i året. Røyst har også ein eigen podcast, Radio Røyst.

royst.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny