Røyst #15: Stoltenberg II

129 kr

Det går mot stortingsval i 2021 og det blir spennande å sjå om venstresida vinn valet og korleis ei ny raudgrønn regjering eigentleg vil sjå ut. Men kanskje like spennande er det å reflektere rundt kva venstresida faktisk gjennomførte førre gong vi sat med makta, slik at vi betre kan forstå den politiske situasjonen som vil oppstå etter valresultatet i september. I stor utstrekning verkar det som om perioden Stoltenberg II meir eller mindre har forsvunne frå det kollektive medvitet til den norske venstresida. Føremålet med Røyst #15 er å fylle inn nokre av disse hola. Dette nummeret ynskjer å kaste lys på spenninga mellom radikale erklæringar og gjennomført politikk under Stoltenberg II. Kan vi lære noko frå politikken som vart gjennomført under Stoltenberg II for å overbyggje konfliktlinene på norsk venstreside i kampen om ein rettferdig omstilling? Røyst sitt håp er at dette nummeret vil gi, om ikkje eit heilskapeleg svar, i alle fall konkrete innlegg i ein breiare diskusjon om framtida til norsk venstreside både i 2021 og vidare. Nummeret dannar òg eit vidare oppspel til neste nummer, der venstresida sin strategi og politikkutforming i dag står i sentrum.

12 på lager (kan restbestilles)

Om utgiveren:


Røyst er tidsskriftet som samlar ei slagkraftig venstreside om framtidas radikale politikk. Røyst er basert i Bergen og ynskjer å styrka politisk initiativ langs heile Vestlandet, med nasjonalt og internasjonalt utsyn.

Tidsskriftet Røyst kjem ut fire gongar i året. Røyst har også ein eigen podcast, Radio Røyst.

royst.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny