Røyst #16: Val 2021

129 kr

Det er valår i Noreg! Den borgarlege Solbergregjeringa har i ulike former hatt makta i åtte lange år. Likevel ligg Arbeidarpartiet, som dei fleste andre sosialdemokratiske parti i Europa, med brekt rygg etter to dårlege val. Me går inn i valåret med eit fragmentert politisk landskap: det finst ikkje eit klart favorittparti og det er usikkert kven som blir størst av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre.

Arbeidarpartiet har spelt ei svak rolle i opposisjon, men samstundes har dei venstreradikale partia fått vind i segla og eit ambisiøst miljøparti har vakse fram i oljelandet Noreg. Men: er ei splitta og fragmentert venstreside eigentleg i stand til å stable på beina eit reelt og truverdig alternativ til den noverande samfunnsutviklinga?

I dette nummeret har vi forsøkt å få fram spådommar, tankar, ønskjer og håp om venstresida og valet. Det har resultert i ein handfull tekstar med variert tematikk og tone, frå store idear og utopiar, til handfaste politiske løysingar.

2 på lager

Om utgiveren:


Røyst er tidsskriftet som samlar ei slagkraftig venstreside om framtidas radikale politikk. Røyst er basert i Bergen og ynskjer å styrka politisk initiativ langs heile Vestlandet, med nasjonalt og internasjonalt utsyn.

Tidsskriftet Røyst kjem ut fire gongar i året. Røyst har også ein eigen podcast, Radio Røyst.

royst.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny