Karl Seglem & Inger Lise Belsvik

Oljelenkjer (signert)

300 kr

Mange spør seg om vi skal tilbake til normalen etter pandemien? Multimediaverket Oljelenkjer er ein forsmak på Karl Seglems førtiande album og hans fjerde poesisamling som kjem seinhausten 2021. Biletkunstnaren Inger Lise Belsvik tok kontakt med Karl Seglem tidleg i 2020 og dei fekk midlar til eit samarbeid. Oljelenkjer er ei kobling mellom musikk – poesi – biletkunst. Illustrasjonane speglar poesien og musikken, og utvidar mottakaren sin fantasi. 5 komposisjonar, 7 dikt og 8 illustrasjonar inngår i den fysiske utgåva av verket, som er sett saman av ei signert bok og ein cd. Delar av verket finst digitalt her.

Poesien på Oljelenkjer krinsar rundt ulike miljøaspekt. Ikkje som dommedagsprofetiar, men som opne spørsmål, til ettertanke. Vi må begynne med å tenkja annleis. Spørsmålet er om vi klarar det i tide. Seglem arbeider med å bli betre på å tenkja og handla annleis. For han er vekst eit skjellsord. Vi har det ufatteleg godt og no må vi forvalte dei godene betre. Seglem kanaliserer på ny noko av si skaparkraft inn i eit gjennomgripande livstema: å ta vare på den planeten vi bur på i eit stort og i eit lite perspektiv. Han seier: «Ein eller annan stad djupt inne i oss ber vi alltid med oss eit opphaveleg landskap. No må vi hjelpa kvarandre med å ‘kobla oss på og sjå naturen’ på nye måtar. Konkret og i filosofisk tyding. Vårt tanke- og levesett må endrast. Vi kjem ikkje tilbake til normalen.»

7 på lager

Om utgiveren:

NYE NOR er nytt namn og vidareføring av plateselskapet NORCD. Vi arbeider med produksjon, distribusjon, formidling, marknadsføring og sal av kulturelle uttrykk. Grunntanken er å formidle kunstuttrykk i ulike skjæringspunkt, men helst med base i norsk folkemusikk, jazz- og verdensmusikk. NYE NOR vil bidra til at både unge og etablerte musikarar, komponister, poetar og biletkunstnarar innanfor såkalt «smale sjangrar» har ein profesjonell og kompetent produksjons-, formidlings- og dokumentasjonsplattform.

nyenor.bandcamp.com


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny