Kurt Johannessen

Såpeboblestrategien

170 kr

Såpeboblestrategien er bok nr. 3 i Pitte litt-serien. Boka tar utgangspunkt i materiale frå performanceforedraget Såpebobla sitt forsvinningsnummer frå 2007. Saman med erfaringane frå bokserien Om-noko, kan ein sjå på såpebobla sin innpust og utpust med nye auge. Ein finn då ein strategi som kan få store positive konsekvensar for dei som er villig til å ta den innover seg, som igjen kan føra til samfunnsmessige omveltingar dersom mange ser denne nye måten å ta inn informasjon frå altet.

Bidragsytere

Kurt Johannessen

3 på lager

Om utgiveren:

Kurt Johannessen (f. 1960) gav ut sin fyrste artist’s book i 1984. I 1999 oppretta han sitt eige forlag, Zeth Forlag, som alle bøkene kjem ut på. Mange av hans bøker er tekstrelaterte, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ei setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. I 2013 starta han bokserien Om-noko. Det vart 19 bøker i serien og mange av dei var grunnlag for ulike performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Johannessen har utgitt over 100 bøker.

zeth.no


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny