Svetlana Cârstean og Athena Farrokhzad

Trado

200 kr

Svetlana Cârstean og Athena Farrokhzad møttest på ein omsettarverkstad i 2012. Der tolka dei kvarandre sine debutdiktsamlingar til respektive svensk og rumensk, utan å beherske den andre sitt språk. Trado er eit framhald av samarbeidet deira. Her er originalen ein konsekvens av omsettinga, i eit dikt om arv, forræderi og kjærleik, der to stemmer blandar seg og bytar plass. Trado kom ut i Sverige og Romania i 2016 og er sidan omsett til polsk og dansk.

Sindre Andersen har gjendikta Cârstean frå rumensk til bokmål, medan Ida Hove Solberg har gjendikta Farrokhzad frå svensk til nynorsk. Den midtre delen av Trado, som Cârstean og Farrokhzad har forfatta saman, har Andersen og Solberg samarbeidd om for å skape ein versjon som ber i seg alle kjeldene og begge målformene.

Svetlana Cârstean er fødd i 1969 og bur i Bucureşti. Ho er poet, journalist og omsettar. Debuterte med Floarea de menghină i 2008 (på svensk som Skruvstädsblomman, 2013). I 2017 kom Tyngdekraft (Gravitaţie, 2015) ut på H//O//F, gjendikta av Sindre Andersen. I 2021 kom samlinga Sînt alta.

Athena Farrokhzad er fødd i 1983 og bur i Stockholm. Ho er poet, dramatikar, omsettar og lærar ved Biskops­Arnös forfattarskole. Debuten Hvitverk (Vitsvit, 2013) kom på norsk i 2015, gjendikta av Tina Åmodt. I 2019 gav ho ut samlinga I rörelse.

Sindre Andersen er fødd i 1982 og bur i Oslo. Han er poet, kritikar og omsettar.

Ida Hove Solberg er fødd i 1987 og bur i Oslo. Hen er ph.d. i omsettingsvitskap, kritikar og gjendiktar.

6 på lager

Om utgiveren:

Forlaget H//O//F ble etablert i 2011 som et uavhengig forlag – en mulighet/et rom/en arbeidsgruppe – og utifra et behov for å gi ut kvalitetslitteratur hvor forfatterne i større grad kan legge premissene. Siden den gang har vi utgitt en rekke bøker – først og fremst bestilte tekster, og har gledet oss over å kunne jobbe frem bøker med flere av Skandinavias mest interessante forfattere.

Forlaget gir ut skjønnlitteratur, tverrestetiske prosjekter, kunstpublikasjoner og filosofi/teori-utgivelser.


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny