Kjell Magnus Økland

Fellesnaust – tradisjonsbåtar til folket!

199 kr

Med fellesnaust kan dei klinkbygde tradisjonsbåtane få ei ny framtid. Fellesnaust er lavterskelmøtestader mellom folk i ulike aldrar midt i både bygd og by. Dette vil fremja fellesskap, naturopplevingar, folkehelse og folkeopplysning gjennom fysisk aktivitet i naturen i tradisjonsbåtar. Ein fin bieffekt med fellesnaust er at ein får vidareført den UNESCO-oppførte kulturtradisjonen bygging og bruk av nordiske klinkbygde tradisjonsbåtar. Folk i alle aldrar får tilgang på både strandlinje og vannspeil. Med elektrisk vinsj og slippvogn på hjulvenleg underlag kan ein person sjø– og landsetja båt åleine på svært kort tid. Klassesett med båtar i ulike storleikar sikrar at både åleinebrukaren og den store gruppa kan koma seg utpå. Eit bærekraftig båtliv står klart i naustet og ventar på deg! Og med fellesnaust midt i både bygd og by kan båtbyggarar få ein stadig straum av byggjeoppdrag. Denne boka fortel i detalj om korleis ulike sider ved fellesnaust-tanken kan løysast. Sjå www.fellesnaust.no for meir info.

11 på lager

Om utgiveren:

STIFTINGA KYSTKULTUR NO!

Stiftinga Kystkultur no! er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og 24 kystkommunar i Vestland fylke. Fylkeskommunen er Stiftinga Kystkultur no! sin viktigaste økonomiske støttespelar, men kommunane bidreg óg gjennom sin medlemskontigent. Stiftinga Kystkultur no! er ei ikkje-næringsdrivande stifting med føremål å stimulere og virke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av kystkultur i Vestlandsregionen.


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny