Kurt Johannessen

Om tankane og fortidsrommet

250 kr

Om tankane og fortidsrommet er bok nr. 20 i Om noko-serien. Den er ein oppfølgjar til boka Om tankar (2013). Samstundes har denne boka tatt til seg mykje av undersøkingane frå dei andre Om noko-bøkene. Boka handlar om Tankane si reise til og frå fortidsrommet og korleis tankane har ulike strategiar for samle informasjon i fortidsrommet . Ulike omgrep som gjennomtenkt, tankesugar, tankeryggesekk, tankepukkel, tankepolering mm er godt belyst i denne boka.

Bidragsytere

Kurt Johannessen

5 på lager

Om utgiveren:

Kurt Johannessen (f. 1960) gav ut sin fyrste artist’s book i 1984. I 1999 oppretta han sitt eige forlag, Zeth Forlag, som alle bøkene kjem ut på. Mange av hans bøker er tekstrelaterte, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ei setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. I 2013 starta han bokserien Om-noko. Det vart 19 bøker i serien og mange av dei var grunnlag for ulike performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Johannessen har utgitt over 100 bøker.

zeth.no


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny