Kurt Johannessen

Som

350 kr

Som er ei bok med tekstar på berre ei setning, der alle setningane byrjar med: På same viset som …  Kvar setning er ein samanstilling av to setningar. – På same viset som verkeleg meining berre kan visa seg når all meining er borte, er lyset som går gjennom flugevengen, fluga si reise. Boka har fellestrekk med tidlegare tekstsamlingar som Og (2001), Møte (2001) og Eg er (2009). Alle desse bøkene har Det kompakte som grunntone.

Emner

Bidragsytere

Kurt Johannessen

2 på lager (kan restbestilles)

Om utgiveren:

Kurt Johannessen (f. 1960) gav ut sin fyrste artist’s book i 1984. I 1999 oppretta han sitt eige forlag, Zeth Forlag, som alle bøkene kjem ut på. Mange av hans bøker er tekstrelaterte, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ei setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. I 2013 starta han bokserien Om-noko. Det vart 19 bøker i serien og mange av dei var grunnlag for ulike performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Johannessen har utgitt over 100 bøker.

zeth.no


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny