Skrivekunstakademiet er ein høgskule som driv undervisning innan skjønnlitterær skriving. Vi har landets mest etterspurde utdanningstilbod på dette feltet, og mange av våre studentar har debutert som forfattarar.

Skrivekunstakademiet gjev årleg ut ein antologi med tekstar av studentar ved Årsstudium i skapande skriving, og har elles gitt ut fleire jubileumspublikasjonar.

skrivekunst.no

 


Svolt. Det som blir att kan villdyra ete

100 kr

Litterær antologi utgjeven i samband med 30-årsjubileet til Skrivekunstakademiet. Samlinga inneheld både skjønnlitterære bidrag og essay om litteratur, som samla er ein sterk manifestasjon av korleis skrive og tenke rundt litteratur i Noreg i dag. Bidragsytarar er Gunnhild Øyehaug, Øyvind Rimbereid, Thure Erik Lund, Ingvild Schade, Tormod Haugland, Tone Hødnebø, Anna Kleiva, Pedro Carmona-Alvarez, Kjersti Rorgemoen, Olav Øyehaug, Cathrine Knudsen, Odd W. Surèn, Sunniva Relling Berg, Mette Moestrup, Morten Langeland, Tore Vagn Lid, Cecilie Løveid, Anne Helene Guddal, Rolf Enger, Lars Haga Raavand, Lars Petter Sveen, Mari Ulset, Arne Melberg, Carina Elisabeth Beddari, Ulf Karl Olov Nilsson, Aina Villanger og Cesilie Holck.

4 på lager (kan restbestilles)

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny