Kurt Johannessen (f. 1960) gav ut sin fyrste artist’s book i 1984. I 1999 oppretta han sitt eige forlag, Zeth Forlag, som alle bøkene kjem ut på. Mange av hans bøker er tekstrelaterte, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ei setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. I 2013 starta han bokserien Om-noko. Det vart 19 bøker i serien og mange av dei var grunnlag for ulike performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Johannessen har utgitt over 100 bøker.

zeth.no


Øvingar (innbunden)

250 kr

Handbok i øvingar som få eller ingen har øvd seg på tidlegare. Formatet er lite, slik at ein kan ta boka med seg overalt og øve seg når ein treng det. Boka er trykt i fem opplag sidan utgjevinga i 1994, og er med det den overlegne bestseljaren frå Zeth Forlag. Dette er den innbundne utgåva.

Emner

Bidragsytere

Kurt Johannessen

5 på lager (kan restbestilles)

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny