Numer 02/2023

98 kr

I Numer #132 har Åsa Osmundsen Opedal har vitja Aurora Lund Solberg som utforskar mikroskopiske perspektiv og japanske måleteknikkar i biletkunsten sin. Inger Marie Kjølstadmyr har intervjua 6 barnebokillustratørar frå Sverige og Danmark, for å høyre om ståa til illustratørane der. Den unge teikneserieskaparen og forleggaren Zarina Saidova får livet snudd på hovudet då Utenriksdepratementet vil stenge ho ut frå Norge i 5 år, Anja Dahle Øverbye har snakka med ho om det ho no står oppi. Lars Korff Loftus drar på arbeidsopphald til Berlin for å trykke litografi, og får kjenne litt på skam og triumf i trykkeverkstaden. I 2022 ga Sophie Rodin ut kunstnarboka Alt flyter, som samlar teikningar og refleksjonar frå Covid-nedstenginga. Rodin som jobbar med mennesker og felleskap i kunsten sin har i denne boka dokumentert dei manglande sosiale interaksjonane og einsemda pandemien førte med seg. Numer viser arbeid frå biletkunstnar Janicke Schønning frå Oslo. I kunstnarboka Skogsatelier frå 2022 publiserte Schønning arbeid laga i studioet hennar, skogen. I Numer får me sjå eit knippe av desse arbeida, saman med dokumentasjonsfoto frå arbeidsplassen.

Numer har møtt kuratorane Ottar Karlsen, Hilde Lunde og Roddy Bell som fortel oss om Tegnetriennalen 2023 – All that Lies Between. I år får me utstillingar på fire visningstader: Tegnerforbundet, Nasjonalmuseet, Tenthaus og Deichman Bjørvika. Stig Andersen har besøkt kurator Møyfrid Tveit og formidler Mariken Kramer på Nasjonalmuseet som gir oss ein smakebit av samtidskunstnarane Hanne Lydia Opøien Figenschous og Gelawesh Waledkhanis sine arbeid, som vert vist i samanheng med teikningane til Erik Werenskiold. Numer har også møtt to av Tegnetriennale-kunstnarane, Victor Gusman og Bui Quy Son. Guzman viser teikningar basert på oppveksten i Norge med chilensk familiebakgrunn, og Son utforskar maktstrukturane i språket og kjønnsidentitet når han eksperimenterer med typografi.

11 på lager

Om utgiveren:


NUMER er et tidsskrift for tegning, illustrasjon og bokkunst som kommer med fire utgaver i året.

NUMER publiserer nyskrevne artikler, intervjuer og omtaler fra bredden av tegnefeltet og søker å dekke områder som kunstnerbøker og eksperimentelle billedbøker.

numermagasin.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny