Numer 01/2023

98 kr

I denne utgåva av Numer er teiknar og skribent Silje Rønneberg Hogstad gjesteredaktør. Eit gjennomgåande tema er balansen mellom det menneskeskapte og kunstig intelligens (KI). Noko som Mikael Noguchi deler sine tankar om, i eit innhaldsrikt intervju som sumerar Noguchi si karriere så langt. Øyvind Holen, som tidlegare har samarbeida med Noguchi på teikneserien Drabant frå 2012, står bak dette djupdykket. Teikneserieskapar Anja Dahle Øverby reflekterer rundt skissa sine eigenskapar og ser på skissene til blandt andre Birgit Cold og Gerhard Munthe. Kunsthistorikar Mina S. Haufmann tar opp det store spørsmålet om korleis dei digitale verktøya påverkar teikninga. Silje Hogstad har besøkt kalkmålar og pigment-ekspert Bent Erik Myrvoll i Ålesund, som i 2020 fullførte eit stipendiatprosjekt der han mellom anna samla og kartla norske pigment og fargemineral. I forlenginga av dette inspirerande besøket serverer KEM Kunstmatriell oss ei oppskrift på korleis du kan lage din eigen tørrpastell. Finske Maria Viirros skriv om korleis kunstig intelligens vart ei viktig brikke i hennar kunstariske praksis som tatovør. Til slutt viser me arbeid av den mexikanske og Oslobaserte kunstnaren Alejandra Aguilar Caballero som jobbar med teikning, grafikk, teikneserie, installasjon og kunstnarbøker.

3 på lager

Om utgiveren:


NUMER er et tidsskrift for tegning, illustrasjon og bokkunst som kommer med fire utgaver i året.

NUMER publiserer nyskrevne artikler, intervjuer og omtaler fra bredden av tegnefeltet og søker å dekke områder som kunstnerbøker og eksperimentelle billedbøker.

numermagasin.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny