Gunnar Danbolt og Kurt Johannessen

Preludium 2

380 kr

Boka er rikt illustrert med foto frå performancen Preludium 2 som vart vist i Dale kyrkje 2.-4. september 2022. Oppstartinga av arbeidet var innsamling av 495 glasvasar/glas som vart fylde med vatn og sett fram i midtgangen i kyrkja. Den tredje dagen vart det dropla litt farge i glasa. Namna til dei som lånte glas til prosjektet er ramsa opp i boka. Tekst av Gunnar Danbolt. Norsk/engelsk.

Emner

4 på lager

Om utgiveren:

Kurt Johannessen (f. 1960) gav ut sin fyrste artist’s book i 1984. I 1999 oppretta han sitt eige forlag, Zeth Forlag, som alle bøkene kjem ut på. Mange av hans bøker er tekstrelaterte, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ei setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. I 2013 starta han bokserien Om-noko. Det vart 19 bøker i serien og mange av dei var grunnlag for ulike performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Johannessen har utgitt over 100 bøker.

zeth.no


Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny