Bok & bibliotek 1/2024

169 kr

Vi har reist. Først til Spania: Femti år etter at diktatoren og Hitler-venen Franco døydde har spanske bibliotek endå ikkje teke jobben med å rydda hyllene sine for sensurerte bøker. No blir fortidas synder vidareførte i digitale utgåver. I Rotterdam samarbeider hovudbiblioteket med politi, helsevesen og Frelsesarmeen for gjera det trygt for alle. Dei sameinte arabiske emirata er landet som forbyr homofili og har mål om at fem prosent av BNP sal gå til kultur. Nokon der har tydelegvis veldig lyst til å knyta band til verdsorganisasjonane for bibliotek, museum og arkiv. Kvifor? Har du forresten sakna ei systematisk oversikt over AI-baserte hjelpemiddel, gjerne frå bibliotekarar som har testa dei i ro og mak og heilt utan økonomiske eller ideologiske bindingar? Det får du her! Eller kva med ei innføring i teiknesakene si fargerike verd? Visste du forresten at den norske lesebokguruen Nordahl Rolfsen også var ein (litt mislukka) våpendragar for folkebiblioteka? Les også intervju med Danby Choi og Frode Helmich Pedersen, to heilt ulike tekstar om Jon Fosse (ein av Brit Bildøen og ein av redaktør Arne Olav Hageberg) og, som alltid, mykje meir.

Tomt på lager

Om utgiveren:


Bok & bibliotek er Noregs første, største og einaste uavhengige bibliotektidsskrift, etablert i 1934 med røter tilbake til 1907. Bladet tar opp tema, trender og nyhende som vedkjem bibliotek og bibliotekpolitikk – som nye arbeidsformer, teknologi, kulturformidling og bibliotekforsking. I dei fire årlege utgåvene finn du også forfattarportrett, kryss og quiz, bokomtalar og lesetips. Bladet følger Redaktørplakaten. Utgjevar er ABM-Media AS.

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny