Bok & bibliotek 2/2023

169 kr

Heile Noreg mista ved årsskiftet gratis tilgangen til viktige nettressursar via Helsebiblioteket. Folkehelseinstituttet sitt mål var å spara 5–6 millionar. Resultatet er tap av nasjonal kunnskapsberedskap og minst 15 millionar i auka utgifter for norske bibliotek, dokumenterer vi i denne utgåva. Elles spør vi om nye bibliotekbygg blir bygd tilstrekkeleg berekraftige, ein doktorand, ein biblioteksjef og ein tidlegare NRK-redaktør har viktige innspel til debattar på bibliotek, du får eit forfattarmøte med poesidebutanten Golstan Kareemi. Vi ser også på trendar og tendensar i bøker frå utlandet som kjem på norsk for tida, og fortel om korleis tyske fagbibliotek den dag i dag nyt godt av nazistane sine plyndring av jødiske boksamlingar under andre verdskrig.

4 på lager

Om utgiveren:


Bok & bibliotek er Noregs første, største og einaste uavhengige bibliotektidsskrift, etablert i 1934 med røter tilbake til 1907. Bladet tar opp tema, trender og nyhende som vedkjem bibliotek og bibliotekpolitikk – som nye arbeidsformer, teknologi, kulturformidling og bibliotekforsking. I dei fire årlege utgåvene finn du også forfattarportrett, kryss og quiz, bokomtalar og lesetips. Bladet følger Redaktørplakaten. Utgjevar er ABM-Media AS.

Tegn abonnement her!

Merk:
Lenken fører til en ekstern nettside. Tekstallmenningen har ikke abonnementshåndtering for dette tidsskriftet.

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny