Musikk & Historie, 2022

350 kr

Bibliofili er kjærleik til bøker. Temaet for nummeret er det fruktbare samspelet mellom musikk og bokmediet, som blir utforska frå fleire ulike vinklar. Lise Karin Meling har sett på korleis abonnementskulturen på notemateriale ikkje berre skapte ein arena for kvinneleg musisering kring 1800, men at denne omfatta genrar som glees, som tradisjonelt har vore sett på som maskulint koda. Henning Huseby har sett på historia til den tidlege notasjonen, og det ideologiske grunnlaget for denne. Halvor K. Hosar diskuterer arbeidet med å laga ein ny vitskapleg katalog over verka til Johann Baptist Wanhal, og kva den digitale revolusjonen kan ha å seie for dette heller tradisjonelle arbeidet innan musikkvitskapen. Maxime Margollé har studert relasjonane mellom Frankrike og Sverige innanfor operaen, og korleis franske utøvarar var brukt for å skapa ein unikt svensk teatertradisjon. Martin Wåhlberg skriv til slutt om korleis Rameaus nevø, gjennom ei rekkje krumsprang, blei ein sentral figur i litteraturhistorien.

Musikk & Historie har òg ein rik seksjon for omtale av nye musikkutgjevingar og musikklitteratur.

Tomt på lager

Om utgiveren:


Musikk & Historie er eit norsk tidsskrift som skriv om historisk musikk, eller tidlegmusikk, frå eit tverrfagleg, idéhistorisk perspektiv. Tidsskriftet er meint å vera eit forum for interesserte lesarar og skribentar, og ynskjer å eksistera i krysningspunktet mellom fyrsterangs forsking og populærformidling. Kvart nummer har ei hovudvekt på artiklar som omhandlar eit tema som knyter musikken til dagsaktuelle tema, men tidsskriftet trykker òg tekster om andre tema.

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny