Redaktør: Tuva Rasmussen Tørresdal
I denne utgåva av Sjå magasin vil vi skal utforska sans for sans gjennom analogt fotografi, kunst, poesi, tekst, men denne gongen også lyd i form av vår heilt eigen cd. Vi skal smaka på vonde nøklar saman med Imad Alwahibi i diktet Smaken av metall. Vi skal lukta på utdrag frå Giulia Avella si prosa- diktsamling Sykluser, der ho let oss lukta på kvardagens sakn etter det som ein gong var. Vi skal føla kjærleg nærleik, i bileteserien Husker du? av Leah Håland Solomons, der framande menneske fortel om dei mest intime minna sine. Samstundes skal vi kjenna på dei brutale hendene som ein gong var milde og korleis kjærlege gestar kan verta valdelege i bileteserien Gentle touch av Cosmo Großbach. Vi skal sjå på synets sanselege dominans i Erick Trondsson Kjellevold sin tekst om favoriseringa av auget i arkitekturen gjennom tidene. Vi skal lytte til Lytt, eit pulserande lydlandskap av Inish Hedén Næss som gjennom skogen, knivskuffen og binaurale beats kan føre til ei endring i kognisjonen vår. Til slutt skal vi bla gjennom det analoge fotoalbumet Månebedotten saman, side for side skal vi føla papiret i handa, medan auga grip tak i fotografi tatt av 28 ulike fotografar, som syner dei sanselege opplevingane som nærleik, behov, kontrast og støy.