Sjå Magasin #7 Støy

150 kr

I vår sjuande utgåve av Sjå utforskar me temaet Støy. Me utforskar dette gjennom analoge fotografier, tekstar og kunstverk, sett frå ulike perspektiv.

Støy utfaldar seg i ei rekkje dimensjonar og tolkningar. Det kan opplevast som alt og ingenting, behag og ubehag, frå overdøyvande til det subtile, og frå dominerande til det varsame. Støy er ein del av vårt daglege miljø – frå byens bråk til stillheiten i naturen. Det er ekkoet gjennom gatene, latter og biter av samtaler som smelter saman. Raslende blader som harmonerer med vinden. Støy går langt djupare enn berre det sensoriske nivået.

Ingrid Bårdsdotter Eikevik leiar oss inn i ein atmosfære kor støy badar i eit mjukt lys. Beroligande fargar og fredfulle motiv, som inviterer til ein roleg stillheit. Tara Catherall tek oss med til ein stad prega av uønsket støy – eit som tek over landskapet. Gjennom hennar objektiv blir me vitne til korleis støy kan endre miljøet rundt oss, og etterlet oss med ei kjensle av inntrenging og dominans frå det industrielle. Amalie Sponberg har skapt sitt eige univers, som utfordrar oss til å tenkje på støy ikkje berre som ein auditiv opplevning, men også som ein visuell og taktil ein. Repitasjonar av steinformasjonar gjev det heile eit leikent uttrykk av ein draumande plass.

Ein stor takk til alle bidragsytare, den fantastiske redaksjonen og våre dyktige grafiske designare Clara og Sofie, som har hjulpe med utforminga av magasinet.

Sjølv i det som kan verke kaotisk og uforståeleg, kan det finnast mønstre, meining og høve for innsikt.

Vilde Isabel Greger, redaktør

5 på lager

Om utgiveren:


Sjå magasin er eit foto- og kunstmagasin som vert gjeve ut to gongar i året av Mørkerommet fotokollektiv. Mørkerommet fotokollektiv er ein studentorganisasjon i Bergen som praktiserer analog fotografering og framkalling i mørkerom, i tillegg til å halde utstillingar, publisere bilete i ulike tidsskrift og ta bilete på arrangementer.

Magasinet Sjå har hovudforankring i analog foto, og utforskar eit gitt tema ved hjelp av fotografi, tekst, kunst og lyd.

Sjå magasin

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny