Syn og Segn 02/2019

129 kr

TEMA: FOSSE OG KLIMA, TRENINGSTIPS OG REGIONREFORM.

I den nye utgåva av Syn og Segn er det ein stor samtale med forfattar Jon Fosse, emneartiklar om same karen, tekstar om vindmøller til lands og havs, om å vere ein økonomisk noldus, om skjønnlitteraturen i norskfaget, om trening og mykje, mykje meir.

Stor aldersforskjell er ikkje eit hinder for seksuelle relasjonar mellom vaksne menneske, eller djup kjærleik, skriv Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og Segn. Vilja Helle Bøyum (18) har blitt skulda av vaksne for å vere naiv, men Vilja let seg ikkje provosere. «No er vi leie av å snakke om løysinga. Det er tiltak vi er ute etter», seier ho. «Eg røyner ting i livet, og eg røyner ting i diktinga. For meg er det eg røyner når eg skriv, minst like sterkt, ja eigentleg sterkare, enn det eg røyner i livet», seier Jon Fosse. Jon Fosse fyller i år 60 år. Syn og Segn har utfordra fleire til å skrive om forfattaren, mellom dei Arnhild Litleré, Runar Hodne, Mette Karlsvik, Ruth Lillegraven, Tormod Haugland, Eva Laila Hilsen, Rolv Nøtvik Jakobsen, Hinrich Schmidt-Henkel og Jon Fosse sjølv.

Kva bør vi snakke om når vi snakkar om pengar, spør Simen Dalehavn Faaberg. «Om vi skal lære om personleg økonomi, lyt vi ikkje berre lære om kva vi skal gjere med pengar – vi lyt også lære om kva pengar gjer med oss.» Kva er det med vindkraft som vekker så sterke kjensler hjå oss, spør Erling Holden, professor ved Høgskulen på Vestlandet.

Det er som om det har falle ei atombombe på familien. Det var i sommar, no er det haust. Men såret er like opent, skriv Hilde K. Kvalvaag i ei personleg forteljing om eiga sorg.

Vidare kan du få med deg nyttige treningstips frå treningsguru Yngvar Andersen. Magni Kristin Moe Westgård skriv om skjønnlitteraturen som kraft i norskfaget. Andre bidragsytarar er Tharaniga Rajah, Magne Aasbrenn og Sindre Goksøyr.

2 på lager

Om utgiveren:


Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike tidsskrifta for kultur- og samfunnsdebatt i Noreg, grunnlagt av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894.

Tidsskriftet har alltid vore prega av dei norske motkulturane og dei norske folkerørslene. Vi er det einaste ålmennkulturelle tidsskriftet som blir gitt ut på nynorsk. Eigar og utgjevar er Litteraturselskapet til Det Norske Samlaget. Syn og Segn har som mål å vere eit tidsskrift som engasjerer, rører og opplyser folk i bygd og by.

synogsegn.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny