Syn og Segn 01/2024

139 kr

I årets første Syn og Segn skriv dei Trondheimsbaserte poetane Rune F. Hjemås og Mathias R. Samuelsen om korleis polariserte konfliktar om rasisme, identitet og geopolitikk speler seg ut i amerikansk samtidspoesi. Dei siste åra har Hjemås og Samuelsen gjort eit djupdykk i amerikansk litteratur. I  vår gir dei ut antologien «Ny amerikansk poesi 2», der dei presenterer eit knippe av USAs fremste samtidspoetar.

Denne utgåva av Syn og Segn inneheld også dikt av Solmaz Sharif og Orlando White og eit essay av den kritikarroste poeten Mary Ruefle, som i fjor var aktuell på norsk med diktsamlinga Fjomp. I Syn og Segn skriv ho om månen.

Forfattar Priya Bains har skrive eit essay om poeten Fatimah Asghar, som Bains har omsett til norsk. Ashgar er amerikansk, og har familiebakgrunn frå Pakistan og Kasjmir og har blant ann gitt ut den kritikarroste diktsamlinga «If They Should Come for Us» og romanen «When We Were Sisters».

Peter Strassegger skreiv om bestefaren som var frontkjempar i romanen «Om stein og jord». Litteraturkritikar Eivind Myklebust har skrive eit langessay om poeten Olav Nygaard og om Erlend Skjetnes «Liv, eg har drukke» og om Erlend Nødtvedts «Olav Nygards seng».

Jusprofessor Jørn Øyrehagen Sunde har skrive om Magnus Lagabøtes landslov, tidlegare sauebonde Marianne Dolpen skriv om å vere blakk og sjuk i velferdsstaten, filosofen Lars Kolbeinsvteit skriv om kvifor nettopp barnehagar er så veleigna forå bli styrt av marknadsmekanismar,  Oda Malmin skriv om Martha Nussbaums «Rettferdighet for dyrene». Tidlegare Samlags-redaktør Sverre Tusvik skriv om digresjonar og avsporingar historia til Det norske Samlaget og den ukrainske forfattaren Iryna Sjuvalova skriv om å vere heime i spalta «Ny i Noreg».

14 på lager (kan restbestilles)

Om utgiveren:


Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike tidsskrifta for kultur- og samfunnsdebatt i Noreg, grunnlagt av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894.

Tidsskriftet har alltid vore prega av dei norske motkulturane og dei norske folkerørslene. Vi er det einaste ålmennkulturelle tidsskriftet som blir gitt ut på nynorsk. Eigar og utgjevar er Litteraturselskapet til Det Norske Samlaget. Syn og Segn har som mål å vere eit tidsskrift som engasjerer, rører og opplyser folk i bygd og by.

synogsegn.no

Tegn abonnement her!

Kjøp tidligere utgaver

Andre likte også…

Meny